Vigdis G. Nielsen, NHFU

Funkis, likeperson og medmenneske

KABB ønkjer å setje fokus på likepersonsarbeid. Vigdis G. Nielsen i Norges Handicapforbund Ungdom har skrive eit innspel som står på trykk i KABB-nytt nr 4 2017.

Mitt namn er Vigdis og eg er ei dame som likar hardt arbeidt og ein god innhaldsrik diskusjon, men også ein god latter i lystig lag!

Eg er genuint oppteken av individet i samfunnet og deira rettigheiter. Ein må kunne få lov til å vere seg sjølv 100% og ein skal få mogelegheit til å realisere draumane sine. – Uavhengig av kor ein kjem ifrå, om man er funkis eller ei. Til deg som ikkje har høyrt ordet «funkis», tyder det berre at eg har ei fysisk funksjonshemming, uttrykket brukast også om menneske med nedsett syn/synshemming.

Eg har sjølv CP og har vore funkis heile livet. Eller som eg pleier å sei: «Æg æ litt skral til beins og i ny og ne, får æg ein spasme.» Eg er medlem av Norges Handicapforbund Ungdom og er godkjend som likeperson. Har du høyrt om likepersonarbeid?

Norges Handicapforbund definerer likepersonarbeid slik:

«Likepersonarbeid er organisert kontakt mellom to eller flere personer med likhet i diagnose og/eller livssituasjon. Kontaktens hensikt er å formidle og bearbeide praktiske og følelsesmessige erfaringer, erfaringer som andre kan dra nytte av under bearbeiding av egen situasjon».

Ein likeperson kan vere god å ha, uavhengig av kva slags stadium ein er på i livet. Ta til dømes meg sjølv. For om lag fire år sidan, gjekk min store barndomsdraum i oppfylling og vart sosionomstudent ved universitet i Stavanger. Endeleg skulle få lov til å utfolde meg som menneske, dra nytte av mine livserfaringar, utdanne meg, og til sjuande og sist, ta eit sort steg, på mi sjølvrealiserande reise. Eg var ubeskriveleg glad og spent! Lite visste eg om kva som venta meg.

Byrjinga på studentlivet vart så absolutt ikkje slik som eg hadde førestilt meg. Det var veldig lærerikt og interessant, men eg kjente meg mutters åleine. Ingen var som meg, men eg vart etter kvart ein «kjent» person blant medstudentane. «Alle visste kven Vigdis var, pga. av mitt fysiske ytre, men det var liten interesse for å bli kjent med individet VIGDIS. Eg lukka meg inn i eit skal og prøvde å beskytte meg sjølv. Eg vart sint, lei og veldig oppgitt! Samstundes som eg på dåverande tidspunkt, også elles var i ein krevjande livssituasjon. Derfor blei det mange humpar på vegen mot å bli sosionom. Men eg hadde eg alltid MÅLET klart i sikte!

Eg sakna å ha nokon å snakke med, då hadde eg ikkje ein gong høyrt om at det er noko som heiter likeperson. Er det noko den fyrste tida som student lærte meg, så er det at ein må by på seg sjølv, ta initiativ og rett og slett bare gje dine medmenneske litt tid. Ein må utforska eigne grenser og stige ut av eigen komfortsone. Men det viktigaste eg lærte var kunsten å be om hjelp. Det er ein kunst og nettopp kunne be om hjelp. Men når ein knekker koden, så blir det ditt viktigaste verktøy for å kunne nå dine eige mål i livet. Og i dag kan eg nyta studentlivet og livets små og store gleder! Og eg likar det!

Les meir om Norges Handicapforbund her