Meny
Du er her:Hovedsiden>maler>Møte med blinde på Madagaskar

Bibliotek

Nettbutikk

Barn og vaksne på Blindeskulen i Tulea på sør-vest kysten av Madagaskar. Til venstre Solfrid Leinebø Seljås og til høgre leiar for blindearbeidet Mr Ernest Solohery. 

 Barn og vaksne på Blindeskulen i Tulea på sør-vest kysten av Madagaskar. Til venstre Solfrid Leinebø Seljås og til høgre leiar for blindearbeidet Mr Ernest Solohery.

Møte med blinde på Madagaskar

Publisert 14.12.2007
Dei to første vekene i november bytta KABB- diakon Solfrid Leinebø Seljås ut kontorlandskapet på KABB-huset med eit meir eksotisk landskap! Målet var dei blinde på Madagaskar, og reisefylgje var landsstyremedlem Einar Kippenes.

Bakgrunnen for at vi tok denne reisa i haust, er at KABB-medlemmer i Norge ønsker å gjere noko for blinde på Madagaskar. Vi har hatt innsamling til prosjekt for blinde på Madagaskar, og vi har gått inn i eit forpliktande samarbeid med Det Norske Misjonsselskap (NMS) for om mogleg å kunne bidra i positiv retning på Madagaskar. NMS inviterte KABB til å kome ned sjølv i haust for å sjå spesielt blindeskulane, og for kanskje å forstå meir av mentaliteten i landet. 

Leinebø Seljås og Kippenes besøkte 4 blindeskular på den store øya (120 mil lang og 50 mil brei). I tillegg møtte vi blinde elevar som gjekk integrert i skular som tilsvarar ungdomsskule og vidaregåande i Norge. Vi reiste heile tida saman med leiar for blindearbeidet på Madagaskar Mr. Ernest Solohery, og hadde mange samtalar om korleis vi skal samarbeide for at blinde skulle få eit bedre utgangspunkt når det gjeld skulegang og spesielt det å skaffe seg noko å leve av. Vi møtte mange representantar for den gassiske lutherske kyrkja som driv blindeskulane etter privatskuleprinsippet, vi besøkte statlege skular og vi møtte representantar for det statlege undervisningsdepartementet. I alle desse offisielle møta samtalte vi om korleis blinde kan få det betre i kyrkja og i det offentlege rom.

Solskinnsøya Madagaskar er eit av verdas fattigaste land, og det å ha eit handikap er svært vanskeleg. For mange er det likestilt med å verte tiggar. Det har ikkje vore vanleg å tenke at blinde kan klare seg sjølv i dagleglivet og lære eit handverk. Dei blinde barna som kjem så langt at det får gå på blindeskulen er heldige. Dei får lese og skrive, og hjelp til å lære mobility og handverk. Men det er så mange som aldri kjem så langt, og der er mange behov. Vi er no i dialog med NMS om resultata av reisa vår, og meininga er at det skal resultere i ein søknad til NORAD om eit femårig prosjekt for og med blinde på Madagaskar.

Ver gjerne med oss i bønn om at dette må lykkast. I tillegg diskuterar vi om det er konkrete tiltak vi allereie bør gjere no for dei innsamla midlane vi alt har. Det som iallfall er sikkert er at det fortsatt er store behov for kvite stokkar, manuelle skrivemaskinar, punktskrivemaskinar og skrivetavler med pren!

Kontakt KABB

Telefon: 69 81 69 81
Faks: 69 88 57 66