Kjøp en bibel – hvilken vil du lytte til?
Nynorsk eller bokmål – du har valget
KABB har produsert lydversjonen av Det nye testamentet på nynorsk, og denne gongen har krava vore særskilt høge, fortel prosjektleiar Frank Tangen.
– Vår lydteknikar, Torstein Lindaas, har jobba intenst med lydkvaliteten. Tidlegare lytta folk til lydbøker på ein kassett- eller cd-spelar, oftast gjennom høgtalarar av varierande kvalitet. No lastar vi ned lydfiler og får stemma til innlesaren rett i øyret gjennom hovudtelefonar som avdekkjer kvar minste feil. Då er det krevjande å laga ein lydversjon som er slitesterk nok til å lyttast til igjen og igjen.
Start videoen under og lytt til Helga Samsets nydelige innlesning
Ei utgåve for alle
KABB ville laga ei utgåve som fungerer for både synshemma og sjåande, understrekar Tangen:
– For mange synshemma er dette den einaste versjonen av desse tekstene dei har tilgang til. For dei som kan lese vanleg trykt skrift, blir det gjerne eit supplement eller ein annan måte å oppleve tekstane.
– Det stiller høge krav til innlesaren. Framføringa skal gje lyttarane rom for å legge inn si eiga tolking, samstundes som det ikkje skal bli søvndyssande. Innlesaren skal formidla innhaldet og tonen i teksten, uten å stille seg mellom teksten og lyttaren.
Lydbibelfakta nynorsk bibel:
Jobben er å åpne tekstane
Innlesaren, Helga Samset, er profesjonell forteljar som mellom anna har jobba mykje med bibelforteljingar. Ho var den fyrste som fekk statens kunstnerstipend som forteljar, og er kjend frå ei rekkje kyrkeforestillingar.
– Å gjere tekstane tilgjegelege, å åpne dei opp, er jobben min, seier ho.
Målet er at den som lyttar forstår kva som forteljast, både i detaljane og i det store biletet.
– Korleis blir historia fortalt, korleis er ho oppbygd både språkleg og dramaturgisk, kven fortel henne, og kva vil avsendar? Slike spørsmål balar eg med, fortel Helga, som gjerne søkjer råd hos teologar og andre bibel-kunnige for innspel.
– Korleis jobbar du med førebuinga til opptaka?
– Framfor alt må eg øve. Lese høgt, få flyt i setningane, finne meiningar som går over fleire setningar, bygge resonnementet til den som fortel. Og midt i alt dette, gripe augneblinken. Heldigvis likar eg å øve! seier Samset og ler.
– Når eg så kjem i studio treng eg våken konsentrasjon. Pust, stemme, innleving. Teknikaren min, Torstein, snakkar om å kome i sona. Kva det betyr veit eg ikkje heilt, men eg likar det! Vi gjenkjenner begge når orda lever. Då blir det lett å følgje med, lyttaren blir driven inn i teksten, seier Samset.
Når teksten grip tak
Som forteljar av yrke kjenner ho seg heime i evangelia og i Apostelgjerningane, men har også hatt stor glede av å formidle alle breva.
– Særleg i brev-litteraturen er viljen til avsendaren og tilhøva i mottakar-menigheten sentrale å forstå for den som vil formidle teksten, seier Samset.
– Må du stå personleg inne for alt du les?
– Eg er ansvarleg for å få fram, så klart og empatisk som mogeleg, kva avsendaren vil. Om eg personleg trur på det som står, eller går god for det, er ikkje det sentrale her, seier Samset.
– Men sjølvsagt er det ei glede når teksten grip tak! Iblant åpnar orda seg på ein heilt ny måte. Særleg opplevde eg dette i arbeid med Johannes-evangeliet. Eg trur det er ei gave å lese teksten i samanheng, slik kan ein kan sjå dei store linjene. I kyrkja blir tekstlesinga iblant ei kortvarig og forvirrande oppleving, fordi orda lausrivast frå samanhengen dei står i. Da kan ei lengre lytting, som det KABB og Bibelselskapet no tilbyr, vere fint, seier Helga Samset, og legg til:
– Nesten femten prosent av folk i Noreg har utfordringar med å lese fordi dei er synshemma eller har ulike former for dysleksi. Dessutan er det få bøker som lesast inn på både nynorsk og bokmål her i landet. Altså er innlesinga av Det nye testamentet på nynorsk eit likestillingsprosjekt. Det er eg stolt av!
I løpet av sommaren 2021 vil også Det gamle testamentet på nynorsk bli utgjeven som lydbok.
Alle lydbibler utgitt av KABB har fått delfinansiering frå Bibelselskapet. Men KABB er avhengig av gode støttespillere – kjøper du ei lydbok fra KABB så støtter du arbeidet vårt blant syns- og lesehemmede. Vil du være med å gi en gave til KABBs arbeid? Klikk her.