Bibeldikt

Av: Jan Ove Ulstein og Alf Kjetil Walgermo red.

I Bibelselskapt si nye bibelomsetting, Bibel 2011, var skjønnlitterære forfattarar sentrale i arbeidet med å finne dei beste språklege løysingane på norsk. Der mange forfattarar tidlegare møtte Bibelen med berøringsangst og skepsis, har dei no vore med på å forme han.

Bibeldikt er eit skjønnlitterært prosjekt. Her skriv 88 framståande norske forfattarar dikt i samtale med tekstar frå den nye omsettinga. Dikta viser både ei stor breidde og ei stor djupne i den norske samtidslyrikken.

Forfattarane nærmar seg bibeltekstane både tvilande, truande og undrande. Her finst politiske dikt, økologiske dikt, teologiske dikt og kjærleiksdikt, med mykje meir. Den kyrkjelege tekstrekka har vore eit strukturerande prinsipp for antologien, mens forfattarane har skrive med fritt mandat. Til saman skriv dei seg gjennom eit heilt kyrkjeår.

 

Innlest hos KABB av Per Kristian Tovsrud

Tid: 5 timer og 21 minutter

Boka finner du her i KABBs lydbibliotek, boknummer 803695