Lutheri!

Magister Kristofers memoarar.

Av: Ola I. Breivega

«Lutheri!» handlar om den historiske magister Kristofer Rasmusson Hjort, leiar for ei undergrunnsrørsle av katolske prestar i Noreg nokre tiår etter reformasjonen.

Forfattaren, som er full av innsikt i dei uforsonlege kreftene som stod mot kvarandre i Noreg i ei turbulent tid, lèt sitt språklege medium, nynorsken, spela på alle sine strenger, alt frå det pittoreske til det pikante.

«Å sjå til er landet som før. Same dalane og elvane, same fjordane og fjella. Same målet som før høyrest i bondestover og fiskarheimar og i dei gråe husklyngjene vi ikkje veit betre enn å kalla byar. Skomakarane syr sine skor, og kremmarane falbyd sitt kram. Folket tygg sin vassgraut og slurpar i seg sitt skjør. Og kvar helst det finst hus, finst det kyrkjer. Utanpå er dei òg som før. Men på innsida har noko nytt og framandt teke seg til rette. Det gamle er sundbrote og vraka; det som var noko verdt i klingande mynt, er rana og bortført til Danmark. Orda som lyder i dei før så heilage romma, er forvrengde, og songen har fått ein skjerande klang. Slik kan eg halda fram – og det kjem eg til å gjera så lenge det spinn liv i meg… »

Tidleg i romanen finn vi magisteren i Rostock, avslørd og landsforvist for «papisme», og der sit han og skriv på memoarane sine. Saman med sonen har han fastna der i hansabyen. Så ein dag dukkar fru Inger Ingolfsdotter opp. Er ho det underet han har venta på? Fru Inger er ei sterk kvinne med sin eigen agenda, og nærværet hennar får magisteren til å bli var behov han ikkje har vore medviten om, fanga som han er i striden for å halda oppe Den katolske kyrkja i Noreg.