En kvinne i strikket genser foran en vegg

Ubibelsk å skulde funksjonsnedsettinger på svak tru

Ei kvinne foran en vegg

FRÅ BIBELEN: Sjølv om Anna Rebecca Solevåg meiner tanken om at ein må tru «nok» for å bli lækt av Gud er ubibelsk, meiner ho opphavet til tankegangen er henta frå den heilage boka. (Faksimile fra Vårt Land )

FORBØN: Professor Anna Rebecca Solevåg går hardt ut mot kristne som seier folk ikkje blir lækt av Gud fordi dei ikkje trur nok. Kristent Arbeid blant Blinde merkar stor interesse rundt temaet.

Marit Mjølsneset marit.mjolsneset@vl.no

– Det er heilt forkasteleg å skulde nokon for å ikkje ha tru nok, dersom dei ikkje blir lækt, seier Anna Rebecca Solevåg.

Ho er professor i Det nye testamentet ved VID vitenskapelige høgskole, og har jobba mykje med synet på funksjonsnedsettingar i Bibelen.

Tidlegare denne veka delte Jens Arne Dolmen og Magne Hultgren vonde opplevingar knytt til synet på funksjonsnedsettingar i kristenkarismatiske miljø med Vårt Land sine lesarar. Hultgren seier han fekk høyre at barna hans hadde funksjonsnedsettingar fordi han og kona ikkje «bad rett» eller «trudde nok».

Denne haldninga kallar Solevåg ubibelsk.

Gjeld mange

Det er også Øyvind Woie, generalsekretær i Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB) einig i. Han seier dei ofte høyrer om denne typen tenking.

– Det kan eg verkeleg ikkje forstå at har noko bibelsk grunnlag. Det er meir som vranglære å rekne, seier Woie.

KABB jobbar for at personar med funksjonsnedsettingar får utøve si kristen tru på lik linje med andre. Og det gjeld kanskje fleire enn du trur.

I 2020 oppgav 17 prosent av respondentane på Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking, å ha nedsett funksjonsevne. Det vil seie at rundt 700.000 medlemmar av kristne trussamfunn lever med ulike funksjonsnedsettingar.

KABB hjelper mellom anna kyrkjelydar med å leggje til rette arbeidet sitt til syns- og lesehemma. Dei utgjer også lydinnspelingar av kristen litteratur, aviser og blad, tilbyr sjelesorg og arrangerer møteplassar for synshemma.

«Korleis møte lækjedom» er eit ynda tema på samlingane til KABB. Det at nokon vil be for at ein skal bli kvitt funksjonsnedsettinga si er, ifylgje Woie, noko dei aller fleste dei møter gjennom KABB har opplevd.

– Heilt forkasteleg

Men kvar trur eigentleg bibelforskaren denne type tankegang kjem frå?

– I evangelia står det om at Jesus lækjer menneske, og i nokre av forteljingane blir trua til den som ber om lækjedom tematisert, seier Solevåg.

Eit døme er kvinna i Matteus kapittel ni som trudde ho skulle bli frisk av å ta på kappa til Jesus.

Der står det at Jesus lækjer henne og seier at «trua di har frelst deg».

Tankegods frå USA

Det finst fleire slike døme, og Solevåg mistenkjer at dette er bakgrunnen for tenkinga i visse miljø, om at ein blir lækt viss ein berre trur «nok».

– Men det står også at då læresveinar spurte Jesus om det var ein mann eller foreldra hans som hadde synda sidan han var født blind, så svara han at ingen av dei har synda. Det tenkjer eg er ei tydeleg avvising av at nokon av dei kan klandrast for mannen si funksjonsnedsetting, seier Solevåg.

Ho meiner også tankegangen heng i hop med såkalla herlegdomsteologi:

– Det kan kallast ein usunn tanke om at viss det går deg godt i livet, det kan vera med tanke på helse eller økonomi, så viser det at du er på den gode sti eller at Gud er på di side. Å tenkje slik er djupt problematisk, meiner bibelforskaren.

Sjølv om ho seier ein finn dei mest ekstreme utslaga av herlegdomsteologi i USA, meiner ho at opplevingane til Dolmen og Hultgren viser døme på at det også finn stad i karismatiske miljø i Noreg.

Slutta å gå i kyrkja

Dei lækingsopplevingane Woie i KABB har høyrt om som har blitt opplevd mest krenkjande har også funne stad i meir karismatiske samanhengar. Dei med synlege funksjonsnedsettingar kan vera ekstra utsette.

– Ein kan oppleve å bli sett på som eit objekt for andre sin lækingsaktivitet. Det er ikkje uvanleg at nokon «kastar seg» over ein. Det er respektlaust og er som eit overgrep å rekne.

– Eg snakka nyleg med ei dame som er blind. Ho har slutta å gå i kyrkja når det skal bli preika over teksten om korleis Jesus gjev Bartimeus synet tilbake.

Bakgrunnen er dei vonde erfaringane ho sit på frå karismatiske samanhengar, og at ho blir så synleg med si synshemming når den teksten kjem, fortel Woie.

– Ho merkar at lækingsfokuset heng ved henne når ho viser seg.

Ekstreme tilfelle

KABB har fått høyre om mange som synest det er vanskeleg å stadig få tilbod om å bli bedne for. For er det berre omsorg som ligg bak spørsmålet? Eller er det med ein undertone av at noko er gale med deg, og du burde helst bli «fiksa»?

Utsegner som at verda me lever i no er uperfekt er ikkje uvanleg å høyre i samband med snakk om personar med funksjonsnedsettingar eller sjukdom, i kristne samanhengar. Det reagerer Woie på.

– Det er kjipt å bli sett på som«uperfekt». Det kan skape ei kjensle av at dei ville passa så mykje betre inn i ein kyrkjelyd viss det ikkje var for funksjonsnedsettinga deira. Å oppleve dette mange gonger i løpet av livet kan setje djupe spor.

Det kan skape både utfordringar i truslivet og for synet på seg sjølv, erfarer Woie. Som seier at det i dei mest ekstreme tilfella dei kjenner til, kan ende i sjølvmordstankar eller sjølvmordsforsøk.

– Når er ein kyrkjelyd perfekt? Når alle er friske og lukkelege? Viss motivet bak forbøn er å fjerne det uperfekte for at Guds herlegdom skal vise seg, då kviler det så mykje på menneske som blir bede for at det kan føre til eit nedsett sjølvbilete – både åndeleg og psykisk, meiner Woie,

Denne artikkelen er gjengitt med tillatelse fra avisen Vårt Land. Har du kommentarer eller opplevelser du vil dele? Ta kontakt med journalisten; marit.mjolsneset@vl.no
– eller KABB.
Vårt Land i daglig lydutgave er gratis tilgjengelig fra KABB – følg saken der. Ring 69816981, eller abonner i Lydhør.