Forside barnebibel

Barnebibelen med lyd-illustrasjonar

Du kan høyre korleis Adam og Eva arbeidde i hagen!

Forteljar Helga Samset har lese inn Alf Kjetil Walgermo sin barnebibel. Denne barnebibelen på nynorsk har enkelt språk og lyttaren får god tid mellom forteljingane til å høyre lydar frå både dyr og menneske.

Dei spennande historiene i Bibelen er blitt fortalde i hundrevis av år. I denne barnebibelen får du  høyre om Davids kamp mot Goliat, Rahab som skjuler spionar, og møtet mellom Maria og engelen. Du kan òg lese om den modige Ester, Daniel i løvehola og Jona i fiskebuken, og om Maria Magdalena, disiplane og alle dei andre menneska som møtte Jesus frå Nasaret.

Lenke til Barnebibelen i KABBs lydbibliotek

Tid: 5 timer og 2 minutter

Boknummer: 804079