Magne Bjørndal KABB

Julehelsing frå styreleiar Magne Bjørndal

Når året no går mot slutten, så er det eitt ord eg som styreleiar i KABB særleg kjenner trong til å få fram, og det er det enkle ordet TAKK. Det me får gjort i KABB, det er det mange som er i lag om, mange som fortener ein stor takk for innsatsen.

Som eitt eksempel nemner eg den nordiske konferansen i Danmark i august, som eg sjølv fekk vera med på. Der gjorde tilsette medarbeiarar, deltakarar og ledsagarar alle sitt til at det vart eit flott arrangement, både på turen opp og ned og under sjølve konferansen. Den danske søsterorganisasjonen vår skal heller ikkje gløymast. Dei tok gjestfritt imot oss, og gav oss næringsrik kost for både kropp, sjel og ånd. Neste gong, i 2019, er det vår tur i KABB til å vera vertskap for den nordiske storsamlinga.

Det har òg vore mange andre arrangement gjennom året, og fleire stader samlast lokale grupper og foreiningar til åndeleg og sosialt fellesskap. Takk til alle som stiller opp, og som medverkar for å få dette til!

Takk til innlesarane, som veke etter veke gjer blad og bøker tilgjengelege på lyd. Min eigen favoritt i dette reformasjonsåret vart ein murstein av ei bok om Martin Luther.

Nettsidene våre fekk ei lenge etterlengta fornying i 2017. Takk til alle som gjorde dette mogleg! Det ligg mykje nyttig informasjon der, så viss du har tilgang til datamaskin eller smarttelefon, så må du gjerne bruka nettsidene til å gjera deg kjend med kva KABB kan tilby.

Takk til dykk som skriv i synlige stemmer-serien, for tankevekkjande refleksjonar, og for at de deler levd liv.

Takk til alle tilsette i huset vårt i Askim, som produserer bøker og blad, informasjonsmateriell, leirprogram og meir til. De syter for reinhald, for lønsutbetaling, rekneskap og budsjett, for koordinering av arbeidet, og alt anna som må til for å drifta ein profesjonell organisasjon. Takk skal de ha!

Tillitsvalde i KABB skal òg takkast. Takk for at de gjev av tida dykkar, og for engasjementet de viser.

Endå var det sikkert fleire som skulle vore nemnt, men de tek nok poenget: ein varm takk til kvar og ein som stiller opp, til gagn og glede for KABBfamilien!

Me skal takka kvarandre, det er det all grunn til. Og så skal me takka Gud, som me trur held si hand over arbeidet i KABB, og som skapte oss og utrusta oss til teneste i Guds rike. I ein salme (N13 712,3) syng me:

«Takk at du gav oss det største

da Menneskesønnen ble født!

Han er vår bror og den første

med fullverdig liv vi har møtt.

Lær oss å ofre deg penger,

vie deg krefter og tid,

så skal ditt rike nå lenger,

din hær rustes bedre til strid.»

Dette er ikkje akkurat ein julesong, men den oppsummerer likevel på ein god måte det som jula handlar om – Guds store gåve til oss, og vår oppgåve med å dela det me har fått med andre, så Guds rike kan nå lenger.

Apostelen Paulus si oppsummering av julebodskapen, den er slik (Gal 4,4-7):

«Då tida var fullkomen, sende Gud sin eigen Son, fødd av ei kvinne, fødd under lova. Han skulle kjøpa fri dei som var under lova, så vi kunne få retten til å vera Guds born. Og sidan de er born, har Gud sendt sin Sons Ande inn i hjarta våre, og Anden ropar: «Abba, Far!» Difor er du ikkje lenger slave, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.»

Å få vera Guds barn, med arverett i Guds rike, dét er sanneleg noko å takka for!