Netthandel gjer meg meir sjølvstendig

Tor Ulland

Tor Ulland er seniorrådgiver i Statped og skriver i KABBs Synlige stemmer.

Av: Tor Ulland, Synlige stemmer.

Når ein er blind, går det oftast greitt å finna fram på kjende stader. Ein kan få opplæring i det som vert kalla mobilitet, – dvs. teknikkar for å orientera seg i omgjevnadane. Difor har eg aldri hatt vanskar med å gå til matbutikken for å handla. Eg må rettnok ha hjelp i butikken for å finna varene eg skal ha, men elles går det greitt.

Verre har det vore når eg skulle handla andre ting enn mat. Det er ikkje like enkelt å gå til apoteket. Skulle eg utføra banktenester, måtte eg tidlegare i banken, og skulle eg handla elektronikk måtte eg finna butikkar som selde slikt. Å finna fram på ukjende stader er vanskeleg når ein ikkje ser. Det går sjølvsagt an å ta drosje dit ein skal, men dersom butikken du skal til, ligg på eit digert kjøpesenter, hjelper det ikkje å ta taxi viss du ikkje finn fram inne på kjøpesenteret.

Sidan eg bur åleine, begynte eg alt for nærmare 20 år sidan å handla varer på nett. Då slepp eg å be andre om hjelp for å koma meg til ein bestemt butikk. I tillegg kan eg sitja heime og samanlikna prisar og ev. lesa testar i ro og mak.

Det er kanskje ikkje alle som veit, at det let seg gjera å bruka pc og smarttelefon når ein er blind. Men alt på 1980-talet kom det utstyr som gjorde det mogeleg for blinde å bruka pc. I pc-ar og smarttelefonar er det eit program som vert kalla ein skjermlesar. Skjermlesaren tolkar informasjonen på skjermen og sender informasjonen til ei leselist eller ein talesyntese. Ei leselist viser teksten på skjermen i punktskrift, og me kan difor kanskje kalla det ein punktskriftskjerm. Talesyntesen les opp teksten med ei syntetisk stemme.

Då eg begynte å handla på nett, kjøpte eg for det meste elektronikk og datautstyr. Men etter kvart har eg tatt i bruk mange ulike tenester. Eg kjøper t.d. fly-, buss-, tog- og t-banebillettar ved hjelp av appar på telefonen. Eg handlar reseptvarer og andre varer på apotek. Rekningar betalar eg i nettbanken.

Då eg først starta med nettbank, kom dei fleste rekningane på papir. Då måtte eg bruka ein skannar og eit teikngjenkjenningsprogram på pc-en for å kunna lesa teksten i punktskrift på leselista. Det varierte kor godt programmet greidde å tolka teksten, og det var ikkje alltid like enkelt å finna ut kva som var kontonummer, kid-nummer eller blankettnummer. No kjem rekningar ofte som e-faktura som det berre er å godkjenna. Dei rekningane som ikkje kjem som e-faktura, kjem ofte som eit pdf-vedlegg til ein e-post. Då kan eg berre opna vedlegget på iPhonen og senda det over til DNB-appen eller Vipps. Det einaste eg då må gjera er å sjekka at alt stemmer og så godkjenna rekninga. Eg skal ikkje gå så langt som til å seia at det er blitt moro å betala rekningar, men det er i alle fall blitt ganske enkelt.

Det finst sikkert negativet ting å seia om det å handla på nett, men for meg som er blind, har moglegheitene til å handla på nett ført til at eg treng mindre hjelp og vert meir likestilt med sjåande.

 

Les også «Skam deg ikke over å være den du er» av Magne Lunde