Magne Bjørndal prest

Haldingar til blinde i Bibelen

Dette er et uklipp av oppslaget i avisa Dagen

Faksimile fra Dagen

Til avisa Dagen fortel han om det å lese Bibelen sine tekstar om dei blinde, og om haldningar han har møtt. Her kan du lese heile intervjuet i avisa Dagen (med abonnement).

Blind prest meiner Bibelen har eit umoderne syn på sjukdom

– Ein berre reknar med at mitt største ønske er å få tilbake synet, seier  Magne Bjørndal, som er prest i Knarvik kyrkje utanfor Bergen.

I oktober vedtok Ungdommens kyrkjemøte at Den norsk kyrkja må forbetra vilkåra for menneske med funksjonsnedsettingar.

Bjørndal meiner blindskap ikkje først og fremst er ein medisinsk tilstand. I søndagens tekst seier Jesus noko om dei som ikkje kan sjå.

Jesus har nett gjeve ein som er fødd utan syn, synet tilbake då han seier at han er kommen for at blinde skal sjå. Dette provoserer dei lærde – farisearane.

– Teksten handlar ikkje først og fremst om konkret syn.

– Poenget er at dei som burde forstå at han er Messias, ikkje gjer det, mens dei som ikkje hadde eit utgangspunkt for å skjøna det, no er gjeve den innsikta gjennom trua på Jesus, seier Bjørndal til avisa.

Bjørndal seier bibeltekstane om menneske utan syn er spesielle for han, men at dei samtidig viser at ein tenkte annleis om det å vera blind på den tida, enn vi gjer i dag.

– Dei krasjar med ei moderne oppfatning av kva det vil seie å ha ei funksjonshemming.

Han forklarar at på sekstitalet, samtidig som Martin Luther King-rørsla gjekk føre seg, var det eit opprør blant menneske med ulike funksjonshemmingar.

– Tilstanden vår skulle ikkje lenger først og fremst reknast som ein medisinsk diagnose. Vi var ikkje sjuke, det var berre samfunnet som ikkje la godt nok til rette for oss, seier han og legg til:

– Ut frå desse ideane har Bibelen ei problematisk forståing av kva det er å vera blind. Dei som ikkje kunne sjå på Jesu tid var heilt avhengige av almisser, fordi samfunnet rundt dei ikkje la til rette for at dei kunne vera sjølvstendige, men slik er det ikkje på same måten i dag.

«Overivrige evangelistar»

Bjørndal er klar over at ikkje alle tenker slik.

Han har ved fleire tilfelle møtt på det han kallar «overivrige evangelistar» som vil gjere han frisk.

– Nyleg kom eg gåande då ein mann stoppa meg og ville be om at eg skulle få tilbake synet. Det opplevde eg som ugreitt – nesten som eit overgrep, seier han og legg til:

– Utan noko innleiing kjem han bort til meg og reknar med at mitt største ønske er å få synet tilbake. Som alle andre går eg i mine eigne tankar i ein travel kvardag.

Presten trur det mannen gjorde har motsett effekt.

– Det vitnar om ein mangel på sensitivitet og skapar nok meir avstand til dei som i utgangspunktet er skeptisk til kristen tru, seier han.

Utfordringar

Bjørndal kjem frå ein søskenflokk på fem der dei tre gutane vart født blinde.

Han lærte difor tidleg å leva utan syn.

– Då dei andre på min alder lærte dei vanlege bokstavane, lærte eg alfabetet i punktskrift. Det har vore veldig avgjerande for at eg kan fungera i kvardagen. Mykje er tungvint. Når ein til dømes utbetrar dei vegane eg er vand med, er det eit mareritt å stadig vekk lære seg nye ruter. Det er også veldig krevjande å finne fram til den eine personen du er ute etter i eit rom fullt av folk, seier han.

Bjørndal seier mange trur alle blinde har blitt kompensert med andre eksemplariske sansar.

– Det er ei myte, men eg har nok andre styrkar. Eg kan til dømes snakke med folk utan at utsjånaden og kleda deira har noko å seie for korleis eg møter dei.

Prestetenesta

Bjørndal seier kyrkja har blitt betre på universell utforming sidan han begynte som prest, men at ein framleis har fleire ting å gå på.

Då han begynte på teologistudiet, var det ei interesse for faget som var motivasjonen.

– Eg ville ikkje bli kyrkjelydsprest, men den eine døra opna seg etter den andre. Det starta med ei fagleg interesse, men enda i ei presteteneste.

I dag er Bjørndal glad for at det blei slik.

– Eg likar variasjonen. Det er spennande å møte folk i alt frå glede til sorg. Ikkje minst er eg glad for å kunne jobbe med bibeltekstar kvar veke, seier han.

 

Saka i Dagen (krev pålogging).