Digitale barrierar i kyrkja: Eit fragmentert ansvar


Kjersti Langaas Hvalen er prest, og en av dem som har fortalt om digitale barrierer for kirkeansatte.

 


Både Kirkepartner og Kirkerådet tek sjølvkritikk på at det ikkje har nok vore fokus på tilrettelegging av IKT for blinde og svaksynte tilsette i Den norske kyrkja (Dnk). Noko av forklaringa er at kyrkjetilsette har ulike arbeidsgjevarar og at ansvar for innkjøp av programvare, tilrettelegging og datahjelp er delt på fleire partar. 

Av: Anne Sande

Du kan lytte til denne saka i podkasten Digitale barrierer del 3

Biletet er av Inge Mauseth

Inge Mauseth er dagleg leiar for IKT-verksemda Kirkepartner.

I andre del av podkastserien «Digitale barrierer» høyrde vi prest Kjersti Langås Hvalen og kantor Annette Nordmo fortelje om problem med pålogging, lang tid utan datahjelp og manglande tilgang på viktige dataprogram.

Blinde kirkeansatte mangler datatilgang – får ikke jobbet effektivt

Begge gav uttrykk for at dei ikkje fekk nok hjelp av Kirkepartner, som er kyrkja sin eigen IKT-leverandør, der Kirkerådet eig 51%, medan 170 fellesråd eig 49% av verksemda.

Dagleg leiar i Kirkepartner, Inge Mauseth, har stor forståing for frustrasjonen.
– Eg synes det er trist. Det er ingen som skal oppleve noko slikt på arbeidsplassen sin. Kirkepartner kan bli betre på respons, sidan det var tydeleg at det var eit problem her.

Mauseth er ikkje samd i at Kirkepartner manglar kompetanse. Han meiner det heller er eit spørsmål om kapasitet, og at ansvaret må fordelast på fleire. Han forklarar at noko av problemet heng saman med dei komplekse eigarstrukturane i Dnk. Dei som bestiller IKT-tenester, det vil seie fellesråda og Kirkerådet, har ikkje vore klare nok på at Kirkepartner skal legge til rette for blinde og svaksynte medarbeidarar i kyrkja. Han stadfestar at det hittil har vore lite fokus på behova til denne gruppa av tilsette, og tek sjølvkritikk på Kirkepartner sine vegner, men meiner eigarane også må ta ansvar og at bestillinga har vore uklar.
– Det er veldig synd at vi ikkje har kome lenger med universell utforming, legg han til.

Mauseth ønskjer å setje saman ei gruppe som kan ta tak i dei utfordringane som synshemma møter på arbeidsplassen. I eit slikt forum vil han ha med tilsette med nedsett funksjonsevne, representantar frå fellesråda og Kirkerådet, Hjelpemiddelsentralen og leverandørar, som saman med Kirkepartner kan planlegge for å betre på forholda og avklare kva ein synshemma treng for å jobbe i kyrkja.

 

Dnk har ikkje oversikt

Biletet viser Silke Pahlke

Silke Pahlke er seniorrådgjevar i seksjon for diakoni og samfunn i Kirkerådet.

-Funksjonshemma arbeidstakarar i kyrkja veit vi nesten ingenting om, og det trengs ei kartlegging, sier Silke Pahlke, som er seniorrådgjevar i seksjon for diakoni og samfunn i Kirkerådet, der ho jobbar med funksjonshemming og universell utforming.

-Det er ikkje gjort noko kartlegging av tilsette i kyrkja som har nedsett funksjonsevne, då det er i strid med regler for personvern. Ein veit difor ikkje kor mange tilsette som har, eller treng å få betre tilrettelagt arbeidsplass. Men vi ser at vi har behov for meir kunnskap, og også kjennskap til barrierer tilsette i kyrkja møter, og det må vi gjere noko med, seier Pahlke.

Ho fortel at Kirkerådet så langt ikkje har hatt søkelys på universell utforming for tilsette med funksjonsnedsetting, men at det skjer mykje på dette området no, og at temaet er sett på dagsorden i Kirkerådet, blant anna gjennom handlingsplanen for likestilling, inkludering og mangfold (LIM), som Kirkemøtet vedtok i fjor. Då var det fokus på kjønn, i år skal det jobbast med likestilling av funksjonshemma i kyrkja. I tillegg til handlingsplanen for LIM vedtok Kirkerådet i fjor ein handlingsplan for rekruttering. Kompetanseheving for arbeidsgjevarar og fagforeiningar har blitt sett på dagsorden gjennom ein fagdag som har blitt arrangert nyleg og universell utforming i kyrkja generelt er på agendaen i eit e-læringskurs som skal utviklast i løpet av året. Silke Pahlke skal også legge fram ei sak om universell utforming for Kirkemøtet i 2023.

Generalsekretær Øyvind Woie seier at KABB skal, som interesseorganisasjon, vere ein pådrivar for å fremme rettane til blinde og svaksynte. Difor har KABB no sett søkelys på dette gjennom podkasten Digitale barrierer. Her kan du lytte til forrige episode i serien:

«Digitale barrierer del 2»