Kyrkja ekskluderer synshemma medarbeidarar

 

Magne Bjørndal er prest og medlem av KABBs Fagforum for synshemmede teologer. Han er også styreleder i KABB.

 

Viss Den norske kyrkja ønskjer mangfald blant medarbeidarane sine, må tilhøva leggjast til rette. For synshemma tilsette går det feil veg – med nye dataløysingar som stengjer oss effektivt ute.

Gjennom snart tretti år har eg arbeidd som prest i Den norske kyrkja. Det kan vera krevjande, men er i det store og heile eit privilegium: Eg får brukt meg sjølv på ulike måtar, og møter mange slags menneske. Stort sett har Kyrkja vore ein god arbeidsplass. I dei tilfella det har vore nødvendig å ta spesielle omsyn til at eg er blind, har dette for det meste vorte følgd opp på ein god måte.

På eitt område sviktar det likevel stadig. Det gjeld innføring av dataverkty som eg er avhengig av, for å få gjort jobben min. Det kan handla om kalenderprogram, utfylling av reiserekningar og timeregistrering. Gong på gong viser det seg at slike løysingar er ubrukelege for meg. Ting eg fint kunne ha gjort sjølv, må andre gjera for meg.

Det toppa seg hausten 2018, då kontorfellesskapet der eg arbeider bytte til Kirkepartner som dataleverandør. Dette selskapet er eigd av kyrkjelege aktørar, og ein skulle tru at der låg alle dei fine orda om kyrkja som open og inkluderande fremst i pannebrasken. I praksis er det ikkje slik, viser det seg.

Ei stund såg det ut til at eg ikkje eingong ville få tilgang til epost på Kirkepartner sitt system. Så gale gjekk det heldigvis ikkje, men den løysinga eg så langt har endt opp med er eit langt steg bakover jamført med den eg brukte tidlegare.

Parallelt med overgangen til Kirkepartner, har eg lese Jeg lever et liv som ligner deres av Jan Grue. Røynslene hans som rullestolbrukar er heilt andre enn mine som blind, men mykje av det han skriv om kan eg likevel kjenna meg att i. Eit eksempel er når han skriv at kampen han kjempar ikkje er mot kroppen sin – den er som den er. Kampen er mot samfunnet rundt – bygningar som ikkje er tilgjengelege, eit byråkrati som trenerer og krev meir dokumentasjon, eller rotar vekk saka di. Blind har eg vore frå fødselen, og det lever eg greitt med. Men det er frustrerande å stadig måtta slåss for tilgang til ting som burde vore sjølvsagt. Eg møter ikkje vrangvilje og motstand, men velvilje og forståing. Det er bra, men det rekk likevel ikkje langt nok, så lenge det ikkje følgjer handling med.

Før ein får reisa eit nytt offentleg bygg, vert det stilt krav til at rullestolbrukaren kjem seg inn. Det skal vera trinnfri tilkomst, breie nok dører osb. Like naturleg burde det vera å stilla krav til at ei dataløysing som skal innførast kan brukast med talesyntese og leselist for punktskrift. Det finst unnatak, men i dei fleste tilfelle går det an å finna løysingar som kan brukast av alle, når ein berre tenkjer på det frå starten av.

Eg veit ikkje heilt kva som eksakt skal til, for at eg skal få betre tilgang til Kirkepartner sine løysingar enn eg har no. Truleg er den beste måten å finna det ut på at folk med teknisk kompetanse hjå Kirkepartner stikk hovuda sine saman med folk som kan skjermlesarar og universell utforming. Slike folk finst, og eg har fleire gonger fortalt Kirkepartner kvar dei er.

Dette temaet har òg ei juridisk side, som ikkje er godt nok ivareteken: Det vert stilt krav om at appar og nettsider som skal kunna brukast av alle, skal vera universelt utforma. I siste instans kunne det vanka bot, viss Kyrkja sine nettsider  ikkje var tilgjengelege med talesyntese, leselist og forstørring. Noko tilsvarande krav finst ikkje til programvare som arbeidstakarar er avhengige av. Dette bør koma på plass!

Nokre hugsar kanskje figuren «Sture Hansen» frå NRK-programmet Hallo i uken for nokre år sidan. Han underteikna alltid innlegga sine «på vegne av vanvittig mange». Det kan ikkje eg gjera. Det er ei nokså sær problemstilling eg tek opp, men eg er ikkje den einaste som er råka av den. Me er fleire synshemma arbeidstakarar i DNK som slit med akkurat det same, og manglande tilgjenge til dataprogram er eit problem mange stader, ikkje minst i offentleg sektor.
Viss honnørorda om ei inkluderande kyrkje skal vera truverdige, kan kyrkja kanskje starta med å ikkje ekskludera sine eigne tilsette?