Kjempar seg tilbake etter hjerneblødning

Sissel Tytlandsvik (70) frå Drammen har opplevd mykje motgang i form av sjukdom. I 2019 fekk ho hjerneblødning. Det gjekk blant anna utover språk, høyrsel og syn, samt innlæring av nytt. Også balanseevna er svekka, og rullatoren Gustav er blitt hennar trufaste følgesvenn. Ho har brei erfaring i det å hjelpe andre, først som sjukepleiar, seinare som helsesøster og i frivillig arbeid. No øver ho seg på at ta imot hjelp frå andre.

 

Bildet viser Hilde Løwen Grumstad, diakon i KABB og Sissel Tytlandsvik.

KABB-diakon Hilde Løwen Grumstad kjenner Sissel Tytlandsvik frå då ho gjorde seg kjent med KABB, og dei har hatt mange gode samtalar.

I podkasten «Velkommen til min verden» møter vi synshemma Sissel i to ulike situasjonar. Vårt første møte er på Sunnaas sjukehus på Nesodden. Der var Sissel i mai, til vurdering i forhold til vegen vidare. Seinare treffer vi ho i Hurdal på forsommarfest og Generalforsamling i KABB i juni, i eit kristent fellesskap, som ho set stor pris på.

Høyr podkasten Kjempar seg tilbake etter hjerneblødning – Velkommen til min verden | Podkast på Spotify

Sommaren 2021 deltok ho på KABB si pilegrimsvandringa frå Stiklestad til Nidarosdomen i Trondheim med synshemma deltakarar og ledsagerar.

I artikkelen
I dette pilegrimsfellesskap er jeg ingen byrde kan du lese om denne opplevinga og intervju som vart gjort med Sissel i fjor (Kabb.no og Vårt Land).

Forholdet til KABB

Saman med diakon Hilde Løwen Grumstad møter eg Sissel medan ho er på rehabilitering på Sunnaas sjukehus i mai i år. Etter hjerneblødninga måtte ho lære seg å gå på nytt, ho hadde problem med å snakke, og klarte ikkje å lese.

-Eg måtte forsona meg med at eg kom ikkje tilbake til den eg var før, og jobbe utifrå det, for å sjå nye moglegheiter, seier ho i podkasten.

No får ho god hjelp til opptrening og meistring, både fysisk og mentalt. KABB er blitt ein del av dette og diakon Hilde fortel om det første møtet med Sissel.

– Du var ikke akkurat veldig lystig i starten der. Vi møttes gjennom samtaletilbudet «Snakk om det», og hadde mange samtaler, om Jobs bok, om lidelse, men vi klarte alltid å avrunde med noko vi kunne le litt av. Så blei vi endå betre kjent då vi skulle på pilegrimsvandring, sier Hilde Løwen Grumstad. Ho var imponert over at Sissel deltok på den nær 14 mil lange vandringa frå Stiklestad til Nidarosdomen, med rullator.
Sissel fortel at ho ikkje var i så god form då, men at ho var begynt å trene seg opp og var ofte ute på tur med rullatoren, også åleine.
– Du er vel eit levande bevis på at det er mykje som er mogleg, viss ein berre ikkje gjer seg. Men det var litt spesielt å gå to mil pr dag med rullator, tidvis på sti. Det er ikkje ein frøkensport akkurat, seier Hilde med eit smil.

Sissel «oppdaga» KABB når synet svikta og fordi ho leita etter kristen litteratur. Støtte og fellesskap, i Blindeforbundet og i KABB vart viktig for Sissel Tytlandsvik i prosessen etter sjukdom. Men ho etterlyser meir tilrettelegging for blinde og svaksynte i kyrkja. Mellom anna skulle ho gjerne vite på førehand salmane til gudstenester ho skal på, slik at mannen hennar kan lese igjennom dei for ho. Når ho spør om menigheter om slik hjelp går det av og til bra, andre gonger ikkje, og då er det ulike unnskyldningar og forklaringar.

-Av og til seier dei at det problemet har vi ikkje i menigheten vår, det finnes ikkje hos oss. Men det er jo fordi slike som meg og andre funksjonshemma uteblir når det ikkje er tilrettelagt, seier Sissel.
Diakonen er heilt einig i dette og fortel at KABB jobbar med at menighetene skal bli flinkare til å gjere salmane tilgjengeleg for synshemma.

 

Bakgrunn og interesser

Ho vaks opp i Stavanger og er eldst av fem søsken. Ho har gått på folkehøgskule i Telemark, deretter husflidsskule, fordi ho var glad i handarbeid, og ho har jobba med psykisk utviklinghemma. Så tok ho sjukepleiar-utdanning i Bergen, og jobba seinare som sjukepleiar i Stavanger. Seinare skulle ho berre reise til Drammen for eitt eller to år, men det er no blitt fleire tiår. Ho møtte mannen sin gjennom arbeidet som helsesøster der. Arbeid for barn og ungdom har dei felles. Begge er også opptekne av menigheten, og dei er glade i å lese. No les han for ho. I tillegg har ho glede av KABB sitt lydbibliotek.
– Det som har betydd utruleg mykje for meg er Helga Samset sin måte å lese Bibelen på. Når eg fekk Det nye testamentet på nynorsk var eg nesten i himmelen! Bibelen har blitt noko heilt nytt for meg no.
Ho fortel at ho set stor pris på møtet med Blindeforbundet, KABB og opphalda på Hurdal og folka ho møter der. Ho tilrår andre som kjem i liknande situasjon å ta kontakt med desse organisasjonane, for å få hjelp og finne nye tilbod og moglegheiter.

 

Arbeid og frivilligheit

Ho har mykje røynsle i det å hjelpe andre, først som sjukepleiar, seinare som helsesøster. Tytlandsvik har såleis erfaring med spennet mellom kamp om livet på prematur avdeling på sjukehus, og tilrettelegging for eit verdig liv for dei eldre på sjukeheim. Lengst var ho helsesøster, og ho er veldig glad i barn.

Sissel Tytlandsvik har måtte starte på nytt fleire gonger, på grunn av sjukdom. Då ho ikkje kunne arbeide profesjonelt lenger, vart det frivillig arbeid, mellom anna i Kirkens bymisjon og som støttekontakt. I mange år var ho aktiv som frivillig i retreatbevegelsen på Thomasgården på Kornsjø. Der lærte ho mykje om Jesus-meditasjon, og liturgi som ho lærte utanåt, noko ho er svært glad for i dag. Etter hjerneblødning i 2019 klarar ho ikkje å lese, og kan ikkje bidra som før i frivillig arbeid. Sissel fortel at denne aktiviteten saknar ho veldig mykje i sitt nye tilvære.

 

Vegen vidare

Bildet viser Grete Bergersen og Sissel Tytlandsvik.

Grete Bergersen og Sissel Tytlandsvik deler mykje, mellom anna turglede. Dei har gått pilegrimsvandring både i fjor og i år, sjølv om den siste var heller kort. Her er dei to ved målet i år, utanfor Mariakirken på Granavollen.

Neste gong vi treffes er Sissel Tytlandsvik i Hurdal for forsommarfest og generalforsamling. Eitt av høgdepunkta på programmet til KABB er mini-pilegrimsvandringa, frå St. Petri kirka på Tingelstad til Søsterkirkene på Granavollen. Sissel er i rekka av vandrarar, i fint sommarvêr og vakkert landskap, i god fart, med rullator sjølvsagt. Desse dagane har ho gleda seg til.

-Ja, eg har hatt store forventningar. No hadde eg eit kraftig epileptisk anfall same dagen vi skulle reise hit, men eg kom meg igjen. Ein kan ikkje gje opp, seier Sissel bestemt.

Grete Bergersen er med som ledsager. Ho har blitt ein viktig person i Sissel sitt liv. Dei går mykje tur saman. Bergersen var også ledsager på pilegrimsvandringa til Nidarosdomen i fjor og dei er gamle bekjente. Ho opplever rolla som fritidskontakt som svært meiningsfull.
– I denne rolla lærer eg veldig mykje om kor komplekse utfordringar Sissel har. Det står det stor respekt av, og det utfordrar meg også, seier Grete.
Sissel er veldig glad for samværet som dei to har fått til i lag, og begge sett pris på å delta i KABB sitt kristne fellesskap.