Helga Samset i studio leser bibelen

No kjem Bibelen 2011 òg i nynorsk lydversjon

Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte (KABB) har starta arbeidet med å lesa inn nynorsk lyd-bibel av den siste bibelomsetjinga frå 2011. Det likar Noregs Mållag.
SKREVET AV INGUNN MARIE RUUD, Kristelig Pressekontor

10 år etter siste bibelomsetjing på nynorsk er KABB endeleg i gang med å lesa inn heile Bibelen på nynorsk lydutgåve. Dette vert satt pris på både av brukarar og Noregs Mållag.

– Det er utruleg bra at ei så viktig bok som Bibelen finst på både i nynorsk tekst og lydversjon. Blinde og svaksynte har eit svært mangelfullt tilbod på nynorsk, og Bibelen i nynorsk lydversjon bidrar til å bøte på situasjonen. Det vil gjere bodskapen både nærare og sterkare, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding frå KABB.

No kjem Bibelen 2011 òg i nynorsk lydversjon

NØGD: Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, meiner det er bra og viktig at Bibelen finst i nynorsk lydversjon.

FOTO: Noregs Mållag

 

Nynorsk står kulturhistorisk sterkt som kyrkjemål. Bibeltekstar, liturgi og salmar har vore veldig viktig for nynorsken.

– Vegen mot eit nynorsk kyrkjemål var ein kronglete kamp for målrørsla, og kampen er ikkje over før det blir universelt tilgjengeleg for alle borgarar, seier Lofnes Hauge og fortset:

– Mållaget er veldig opptekne av at nynorsklitteratur finst på alle plattformer, og meiner styresmaktene har eit ansvar for å auke talet på lydbøker som finst på nynorsk. Det finst alt for få lydbøker på nynorsk i dag.

 

Påkosta produksjon

Generalsekretær i KABB, Øyvind Woie, seier det er samansette årsaker til at innlesinga av Bibelen 2011 på lydbok har tatt så lang tid.

– Bibel på nynorsk har alltid vore eit viktig mål for KABB. No prioriterer vi å få ferdig ein komplett bibel på nynorsk. Det er viktig både for nynorsk-brukarar og for lydutgåva av Bibelen. Vi trur ei nynorsk utgåve har ei rikdom i seg som vil trigga til bibellesing og lytting, seier han.

Woie vonar at KABB-givarar, kyrkjelydar og Bibelselskapet bidreg til å få nynorskbibelen på plass.

For KABB er det viktig at innlesinga av nynorsk lyd-bibel står fram som moderne med dei beste tekniske løysingane. Innlesarar er fortellar og forfattar Helga Samset og skodespelar Anderz Eide.

– Mi målform

Ein annan som set pris på å få Bibelen på nynorsk lydbok er Magne Nærland (70). Han er synshemma og har skaffa seg Det nye testamentet på lyd.

– Eg bruker lydbibelen frå KABB jevnleg. Den er lett å finne fram i, og innlesinga av Det nye testamentet likar eg svært godt, seier Nærland.

Han ser fram til at heile Bibelen kommer i nynorsk språkdrakt.

– Det er viktig for meg med Bibelen innlese på nynorsk fordi det er mi målform. Det blir veldig fint å få heile Bibelen på lyd i den nyaste omsettinga. KPK