Organisten Solveig Marie Oma sitter på orgelkrakken i Oslo Domkirke

Skal gjere salmeboka tilgjengeleg for alle

– Ein av dei viktigaste måtane kyrkjelyden deltek på er med song. Dersom du ikkje kan vere med i songen kan det skape ei grunnleggande kjensle av å ikkje vere inkludert. Og dette gjeld mange, seier Solveig-Marie Oma. Ho skal leie arbeidet i KABB med å lage salmebok for alle. 

Av: Anne Sande

– Målet er å få salmeboka som brukast i Den norske kyrkja til å fungerer for alle, anten det må bli ein salmebok-app, ei punktskriftutgåve, storskrift, lydutgåve eller ein kombinasjon av fleire av desse. Å leie dette prosjektet vidare blir veldig spennande, seier kantor Solveig-Marie Oma, som er prosjektleiar.

– Det blir viktig å finne fleire gode løysingar, som fungerer for ulike folk med ulike leseutfordringar, også økonomisk, seier Solveig-Marie Oma. I fjor haust skreiv ho ein rapport for KABBprosjektet «Salmebok for alle» – last ned og les rapporten her.

No er Oma tilsett i ei nyoppretta prosjektstilling i KABB, for å ta arbeidet vidare i 2023. Når det gjeld økonomi handlar det om å få tilgang til pengar i prosjektet og bruke dei på en god måte, legg ho til.

Betre tilgang til salmebok er eit behov for mange synshemma. I følge offentlig statistikk reknar ein at 240.000 medlemmer i norske kristne trossamfunn lever med synstap. I tillegg har fem prosent av kyrkjemedlemene dysleksi. No kan det bli meir merksemd kring dette og tydelegare for fleire, trur Oma som er utdannet kantor fra Musikkkonservatoriet i Tromsø og KUN (Kirkelig utdanning i nord.) 

– Sidan Kyrkjerådet har vedteke å jobbe med inkludering og å opprette eit råd for funksjonshemma, slik at dei blir betre representerte, tenkjer eg at grunnlaget er der for at saka kjem betre fram. Og at det blir meir snakk om det, for det er eit stort behov, men kanskje noko mange ikkje er klar over.

Ho meinar vedtaket som vart gjort i desember 2022 dermed også kan styrke prosjektet ho jobbar med.

– Når vi ikkje har vore noko særskilt representerte i kyrkjedemokratiet, så seier det seg sjølv at ein ikkje har fått snakka om det vi treng. Når representasjonen blir betre, trur eg det blir meir snakk om både salmebok, universell utforming og andre forhold som har med tilgjenge å gjere.

Oma har vore engasjert i tilrettelegging av salmeboka ei god stund. I januar i fjor fortalde ho til NRK kor vanskelig det var å jobbe som organist i Malvik kyrkje utan salmebok.

 

Styrker likestillinga

– Kor viktig var dette vedtaket?
– Eg vil seie det var veldig viktig, for likestillinga i kyrkja, rett og slett.

– Kan vi kalle det eit gjennombrot?
– Forhåpentleg kjem det verkelege gjennombrotet på Kyrkjemøtet, men vi er på veg mot det.

Ho synes KABB har vore aktiv på ein god måte i å fremme saka.
-Kanskje særskilt fordi vi ikkje berre snakkar om synshemming, men også alle andre funksjonshemmingar. KABB har ei viktig rolle, for det er ikkje så mange organisasjonar for funksjonshemma som jobbar med kyrkjepolitikk. Då har det mykje å seie at KABB inkluderer og gjer ein innsats for fleire enn synshemma, meinar Oma.

 

Solveig-Marie Oma spiller på kirkeorgelet i Oslo domkirke

Menneske med leseutfordringar må få betre tilrettelegging, for å kunne delta i songen under gudsteneste. Kantor og prosjektleiar Solveig-Marie Oma vil gjere den nyaste salmeboka tilgjengeleg for alle. Foto: KABB

Leseutfordringar

Solveig-Marie Oma brukar omgrepet leseutfordringar, som ei fellesnemning for personar som av ulike grunnar ikkje kan lese ei vanleg bok, som salmeboka. Det gjeld store grupper av folket, meinar ho.

-Ja, det er mange. Menneske med leseutfordringar er dei som har synshemming, dysleksi og andre typar kognitive og fysiske problem som gjer det vanskeleg for dei å bruke ei vanlig bok.

Det er mange eldre i denne gruppa. Og det er menneske i ulike roller, som medlemmer i kyrkja, tilsette i kyrkja og frivillige i kyrkja.

– Kva er det som manglar for desse gruppene?

-Det manglar stor nok skrift for ein del av dei, for andre manglar det punktskrift, det manglar moglegheit til å førebu seg til gudsteneste, for dei som treng det. Det kunne ein for eksempel gjere ved å lytte til lydopptak, eller ved at nummer på salmane blir lagt ut på nett i forkant. For ein del menneske er det ikkje mogleg å følgje med på dette under gudstenesta, og då treng ein denne informasjonen på førehand, seier Oma.

 

Problem for tilsette
Dei tilsette eller frivillige som har leseutfordringar blir ekstra hardt ramma, fordi dei treng salmeboka som verktøy i jobben. For musikarar som Oma, handlar dette om tilgang til verktøy ein er avhengige av for å gjere jobben sin. Utan det blir ein avhengig av hjelp frå andre.

-Det er utfordrande å jobbe som kantor utan salmebok i punktskrift, som eg treng, seier Oma som tidlegare har fortalt til NRK at ho har laga si eiga salmebok. Men det var ei nødløysing i mangel på salmebok i punktskrift.

Også privat opplever Oma mangelfull tilrettelegging som utfordrande.

-Tenk deg at du kjem til gudsteneste og ikkje klarer å synge med saman med dei andre, fordi du ikkje kan bruke den vanlege songboka. Då kjenner ein seg utanfor, fordi ein ikkje kan delta som andre.

Det handlar om å få tekstar på sitt språk og i sitt format. Minoritetsgrupper merkar også dette. Oma fortel at innspelingar på samisk eller kvensk manglar i appen til salmeboka i dag, og er nesten fråverande elles også.

 

Betre før
Salmeboka var meir tilgjengeleg før, den forrige salmeboka var betre tilrettelagt. Når dette var mogleg på 80-tallet, kan Oma ikkje forstå at det skal vere så vanskeleg i dag, med all den nye teknologien. Norsk Salmebok 2013 finnes i punktskrift men er et monstrum på over 70 hefter og umogeleg å dra med seg til kyrkja. Den digitale teksten er ikkje formelt sett frigitt til folk med leseutfordringar, men kunne gjort mange ting mykje enklare.

– Kva er forventningane til den norske kyrka?
– Eg forventar at dei tek tak i dette og inkluderer den store gruppa som ikkje er inkludert no.

– Kva kan bli konsekvensar om det ikkje blir gjort noko?
-Konsekvensane kan bli at folk får mindre lyst til å gå i kyrkja, og at kyrkja mistar flinke tilsette og frivillige, som gjerne vil bidra men som det blir altfor vanskeleg for.

Målet med prosjektet «Salmebok for alle» er at alle skal kunne delta i songen.
– Noko av det beste vi kan gjere er å lage ein ny og betre app, som kan fungerer betre enn den som finns i dag. Det vil hjelpe mange, og vere nyttig for fleire.

Ho opplyser om at det er ei salmebok i storskrift allereie, men skrifta er ikkje stor nok.

-Eg trur det må kome ei ny salmebok med stor skrift, og at ei bok med punktskrift vil vere nødvendig. Noko av det enklaste som kan gjerast med det same, er at kyrkjekontoret blir flinkare til å legge ut informasjon på førehand. At salmane såleis blir gjort tilgjengeleg og formidla til dei som treng det i forkant av gudstenester.
– Slike tilretteleggingstiltak vil vere bra for alle, ikkje berre dei med leseutfordringar, understrekar Solveig-Marie Oma.
Den nytilsette prosjektleiaren jobbar digitalt frå Leipzig i Tyskland, der ho bur no, men vil også ha møter i Noreg. Ho reknar med å kome eit godt skritt vidare med å realisere konkrete planar i løpet av 2023.

I arbeidet med salmeboka skal det også etablerast ei referanse- og kunnskapsgruppe som skal medverke i prosjektet. Er du interessert i å bidra eller har kunnskap som er viktig for prosjektet, så ta kontakt med So,lveig-Marie. Epost: solveig.marie.oma@kabb.no eller ring: 410 45 311