Stolt over å vere blind  


– Vi skal vere stolte over at vi i det heile teke går ut av huset kvar morgon og går på jobb. Vi gjennomfører alt med så utruleg mykje større omkostningar enn det sjåande gjer, seier Sølvi Marie Risøy. 

Tekst: Anne Sande 

Lytt til 3. episode av podkasten Velkommen til min verden .
Podkasten er laga av Kurt Ove Mæland.
 

Sølvi Marie Risøy er tilsett som førsteamanuensis på Vernepleie, ved Høgskolen på Vestlandet, og arbeider som forelesar og forskar. 
I 2018 mista ho synet. Ho jobbar framleis mykje med å tilpasse seg ein ny kvardag som blind og er spesielt oppteken av å fungere godt i jobben. 

 

For over 20  år sidan begynte augo hennar å endre seg. Ho ser framleis noko lys og farge på nært hald, og ho kan sjå skarpe kontrastar. Noko ho opplevde som spesielt uheldig ved å bli blind, var å skulle ha oversikt og finne att ting 
– Eg har alltid vore veldig distré og ikkje visst kor eg hadde tinga mine. Men det blei faktisk betre når eg blei blind. Eg veit mykje betre no kvar eg har ting, enn eg gjorde før. Det er fordi det kostar meg så mykje meir no enn før å finne dei. Ligg det ein millimeter feil, så finn du det ikkje. Og det er veldig frustrerande, synes eg.   

Men Sølvi Marie er stolt over å være blind.
-For meg er det at eg er blind ein heilt grunnleggande del av min identitet. Alle element i livet mitt er påverka av at eg er blind. Blindheita er ein del av det som skaper mi verd. 
Sølvi Marie tenkjer slik fordi ho har sett før, og at hennar verd har blitt annleis etter at ho mista synet. 
Ho sansar ikkje verda på same måte som før.  

– Det at eg ikkje ser, er noko eg tenkjer på omtrent heile tida. Eg tenkjer på kva eg kunne ha sett. Folk rundt meg har endra seg, men eg kjem aldri til å sjå det.
Ho trur at tankane hennar er slik fordi ho vart blind i vaksen alder.  

Etter tre månader som blind bestemte Sølvi Marie seg for å prøve førarhund, og no er ho blitt hundemenneske for resten av sitt liv, fortel ho.
– Det er ei stor gåve å få fungere saman med ein hund, seier ho som har blitt dyrekjær.  

  

Jobb
Ho har brukt mykje ressursar på å kome dit ho er, og ho har prioritert utdanning og jobb. Det å få ein doktorgrad og jobb som førsteamanuensis, var viktig for Sølvi Marie. 
– Det er drøymejobben min, seier ho.
  I podkasten høyrer vi korleis ho har det på jobben på Høgskolen på Vestlandet. Der møter vi mellom anna Karen Malde Heiseldal, som er tilsett av Høgskulen som lese- og sekretærhjelp og funksjonsassistent. Ho fungerer også som ledsager og “høgre hand” for Sølvi Marie, og er ein viktig person.
– Då eg vart blind var mi tilknyting til arbeidslivet ein av dei tinga som stod på spel. Eg fullførte doktorgraden min for 12 år sidan, i ein periode der eg var delvis ufør. Så det var ein stor prestasjon å få det til. Alt det eg hadde oppnådd stod i fare for å rakne. Plutseleg var eg ein førsteamanuensis som ikkje kunne lese og skrive.   

 Ho prøvde å fortsette å forelese, men det vart vanskeleg når ho ikkje lenger såg kva ho presenterte. Ein gong var det ein tom powerpoint. No hjelper Karen, som også har høgare utdanning, til å gjere arbeidsdagen lettare for Sølvi Marie. Denne relasjonen gir mykje glede, fortel ho. 

Bilde av Karen Lovise Malde Heiseldal.

Karen Lovise Malde Heiseldal

Karen snakkar også varmt om samarbeidet dei i mellom.

– Ho er utruleg engasjert, eg trur ikkje eg har møtt nokon så engasjert før. Ho er også veldig omsorgsfull. Ho er som ein erkebergenser for meg som ikkje er frå Bergen, som snakkar høgt, er tydeleg og utruleg fagleg sterk, med gode analyser og refleksjonar, så eg lærer mykje av ho også, seier Karen.   

Engasjementet til Sølvi Marie  gir seg utslag på mange områder. Ho kvir seg ikkje på å ta ein diskusjon og er spesielt oppteken av tilhøva for synshemma. 
– I byrjinga var det ein meistringsstrategi. Dei første to-tre åra etter at eg vart blind, var eg veldig mykje sint. Ein del av energien som låg i det sinnet fekk eg utløp for ved å jobbe interessepolitisk, i ulike verv. Eg hadde eigentleg ikkje kapasitet til alt dette og har kutta ned på verv, og har no meir fokus på min eigen prosess. 
– Eg er veldig sliten når arbeidsdagen er over, det er også fordi eg brukar restsynet mitt. Eg driv med ein fjerde-del av det eg gjorde før på fritida. Det er nødvendig  å ha eit veldig rolegare liv enn eg hadde før. No er prioriteten min jobb og å finne ut av blindelivet, seier Sølvi Marie.
Ho har mellom anna vunne fram i klagesaker, til fordel for alle synshemma. 

Tru
Sølvi Marie snakkar også om trua si. Ho er kritisk til uønskt forbønn frå tilfeldige på gata. Og ho er skeptisk til haldningar til minoritetar og misjonering i visse religiøse miljø og organisasjonar. 
– Eg blei veldig overraska over KABB, når eg gjorde meg kjent med organisasjonen og korleis KABB fungerer. Det var to ting. Eg har sakna at folk i blindemiljøet er ideologisk bevisste. Og det er folka i KABB. Eg har vore opptatt av innsamling og korleis ein framstiller folk. Og eg har lest nokre av innsamlingsbreva til KABB, og det var ei positiv oppleving. For der stod det rett og slett; vil du vere med i rettferdskampen til dei blinde? Vil du bli med å kjempe for at synshemma ikkje skal bli diskriminerte? Og eg tenkte at; ja, det vil eg gjerne at folk skal vere med og gje pengar til, faktisk. Det var ikkje noko om dei stakkars hjelpelause blinde. Det var meir om ein kamp som vi stod i og som dei kunne støtte. Så eg kjende at då blir vi dei handlande, dei som gjer noko, og KABB blir dei som støtter oss. Det synes eg er mykje betre enn at KABB skulle vere dei som skulle hjelpe oss ut av elendigheita. Når det gjeld biblioteket, så har eg studert teologi og kristendom, og ein del av dei bøkene eg får tak i kan eg takke KABB for, seier Sølvi Marie.  

Ho fortel at det å gå på gudstenester ikkje er ein del av kvardagslivet hennar no. Ein grunn er at mykje av liturgien foregår i det stille, for eksempel under barnedåp og nattverd.   

– Eg har jobba litt for det eg kallar “ein blind liturgi”. Eg skulle ønske at det blei sagt meir under rituala i kyrkja.  Det er mange ting som skjer i stillheit der framme. 
For dei som ikkje ser blir dette ei utfordring.  
– Det er noko med roen og det heilage for dei som er der, men samtidig stenger det meg ute fra dei visuelle inntrykka som eg kunne fått ellers, legg ho til.   

Ho meinar det burde vore heilt naturleg med informasjon til dei som treng det ved inngangen, for eksempel ei QR-kode, som ein kunne brukt til å logge seg på og finne informasjon om kva gudstenesta inneheldt og kva som skjer når det blir stilt. At folk får ein forklaring på gangen i gudstenesta.  Dette vil ikkje berre vera bra for synshemma, men og for dei som ikkje er så vane med å gå i kyrkja.  

  

Millimeter
Reporter Kurt Ove spør ho kva som er det beste og det verste ved å vere blind. 
– Det verste er at ein millimeter er nok. Er noko ein millimeter unna der du leitar, klarar du ikkje å finne det. At du må sjå med hendene og alt det fører til av ting du ikkje kan få til, seier Sølvi Marie. 
Ho fortel at ho også har dårleg høyrsel, så ho har lite hjelp av høyrselen når ho mistar noko på golvet for eksempel.  
Ho har gått feil når ho skulle til si eiga innkøyrsle til huset der ho har budd i tjue år. Ho har plutseleg oppdaga at ho er midt i vegen, fordi ho ikkje har vore konsentrert nok, då ho passerte ein kant. 
– Det å vere dårleg på mobilitet, for i Norge får vi ikkje den mobilitetsopplæringa som vi treng, så då blir dette eit problem.
Når Sølvi Marie skal forklare kva som er det beste med hennar situasjon, brukar ho teorien til Erving Goffman om stigma. Ho meinar at blinde er stigmatiserte, fordi dei skil seg frå det normale, dei sjåande.  

– Det beste er når du møter det Goffman kallar “dei kloke” eller “dei vise”. Det er dei som brukar tid på å setje seg inn i korleis dei “stigmatiserte” i samfunnet har det. Dei har empati og dei føler og opplever korleis andre har det. Ho fortel om dei ho møter som har desse eigenskapane, som Karen og taxisjåførar, kor viktige dei er og kor verdifullt det er å ha slike menneske rundt seg.  

  

Her kan du lytte til alle episodene i podkasten Velkommen til min verden.