-Eg har skanna og lese 700 bøker – nå har digitaliseringa gjort det mykje enklare

Tor Ulland

Tor Ulland er seniorrådgiver i Statped og skriver i Synlige stemmer, KABB.

Tekst: Tor Ulland, Synlige stemmer.

Tor Ulland er blind, og han lovpriser den digitale revolusjonen. Tidlegare brukte han utstyr som kosta 140 000, nå kostar tilsvarande maskin omkring fem hundre kroner.

-Eg har alltid vore ein lesehest, men då eg begynte å låna lydbøker tidleg på 1970-talet, var ikkje utvalet særleg stort. Då me kom litt ut på 1980-talet, hadde eg stort sett lese det som var tilgjengeleg i dei sjangrane eg var interessert i. Då måtte eg nøya meg med det som Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) og KABB produserte av nye bøker kvart år, og det var ikkje særleg mykje. Heldigvis hadde eg ei snill mormor og tante som las ein del høgt for meg slik at eg slapp å vente på det nye året som kom med nye bøker frå lydbiblioteket.

I 1991 fekk eg ein skannar med programvare som kunne gjera trykt tekst om til digital tekst. Denne kunne eg lesa med syntetisk tale og på punktskrift. På den tida kosta dette utstyret rundt 140.000 kroner, men det var folketrygda  som betalte for utstyret. I dag får du langt betre utstyr for ein femhundrelapp.

Det gjekk ikkje fort å skanna bøker på denne måten, og talesyntesen som eg bruka for å høyra på bøkene, var svært robot-aktig, og uttalen var ikkje god. Den las for eksempel alle c-ar som s slik at Coca Cola vart uttala «sosa sola» og Winston Churchill vart til «Winston Sursild». Men trass i dette skanna eg, og las eg rundt 700 bøker på denne måten på 1990- og byrjinga av 2000-talet.

I dag er tilgangen til litteratur ein heilt annan. Då eg begynte å lesa, kom bøkene på store spoleband. Seinare kom dei på kassett. No er dei digitale.

Produksjonen i både KABB og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek (NLB) er langt høgare enn tidlegare. I staden for å måtta venta på å få bøker i posten, kan eg no lasta ned bøkene og lesa dei når eg sjølv vil. I tillegg kan eg òg kjøpa og lasta ned kommersielle lydbøker, og prisane er ofte lågare enn for ei innbunden bok. Om ei bok ikkje finst som lydbok, finst ho ofte som e-bok i epub-format. Slike bøker kan eg kjøpa og lesa anten på smarttelefonen eller på lydbokspelaren min. Talesyntesane har òg ein heilt annan kvalitet no enn for 20 år sidan.

Om ikkje dette er nok, kan eg òg kjøpa og lasta ned svenske eller engelske lydbøker. Utvalet er stort, og prisane er mykje lågare enn i Noreg. Så no har eg fått eit nytt «problem»: I staden for at det finst altfor få bøker eg kan lesa, er utvalet altfor stort til at eg rekk å lesa alt eg har lyst til. Men det er trass alt langt betre «å lide valgets kval» enn å knapt nok ha noko val.

Les også Netthandel gjer meg meir sjølvstendig.