KABB om ti år – min draum

Magne Bjørndal er leiar i KABBs landsstyre.

 

Kvar er KABB om ti år? Denne utfordringa fekk vi i KABB sitt strategiutval. Eg trur vi vil sjå meir skreddarsaum for å møte den enkelte synshemma sine behov, og endå meir vekt på fellesskap.

Utfordringa vi i utvalet fekk om å drøyma om kvar KABB er om ti år, fekk meg sjølvsagt til å tenkja framover. Men den fekk meg òg til å reflektera rundt den historia eg har med KABB, så nedanfor vender eg meg både bakover og framover. Eg likar å tenkja at verksemda i KABB står på to bein: eit mediebein og eit fellesskapsbein.

Mediebeinet

Det var mediedelen av KABB eg møtte først. Hugsar ikkje heilt, men trur året var 1971. Eg var i tolvårsalderen. Far min las ein artikkel frå avisa Dagen for meg. Ein fyr som heitte Terje Nærland hadde starta produksjon av møteopptak og anna oppbyggjeleg innhald, som blinde og svaksynte kunne låna. Eg vart registrert som abonnent på Vennelagets lydbåndsirkel, og det begynte å koma øskjer med opne spoleband i posten. Ei «tante» som budde i huset vårt vart fast tilhøyrar i lag med meg. Ho var i syttiårsalderen, og innhaldet var nok langt betre tilpassa hennar aldersgruppe enn mi.

Seinare har eg vore innom store delar av det som har vorte produsert – lydaviser, lydbøker, punktskrift …

I dag er mediekvardagen heilt annleis enn på syttitalet. Den gongen kunne eg berre lesa trykt tekst dersom nokon hadde bestemt at den skulle gjerast tilgjengeleg for meg. I dag har eg lik tilgang som alle andre på svært mykje av det som vert publisert. Eit eksempel: Ved å vera heilt vanleg abonnent på Vårt Land, kan eg lesa store delar av innhaldet på mobilen.

I denne situasjonen må mediedelen av verksemda i KABB rettast meir inn mot å plukka ut det innhaldet som éin eller nokre få brukarar ønskjer eller har bruk for, enn å produsera stoff som redaksjonen meiner er relevant for alle. Heilt korleis dette skal gå føre seg veit eg ikkje, men det kan handla om å vera i tettare dialog med brukarane, finna ut kva den einskilde – eller små grupper av oss – vil ha, og så presentera desse nyheitssakene — eller kva det no er – på ein måte som gjer at dei er greie å lesa. Treng nokon salme/-songtekstar til ei gudsteneste i punkt eller stor skrift, så må det finnast ei grei bestillingsordning for dette.

Eg går ut frå at lydbiblioteket finst om ti år òg, sjølv om grunnlaget for å driva det er eit heilt anna no, enn då det vart etablert for omtrent førti år sidan. Det var nærast ei protesthandling, i frustrasjon over at det som no er NLB ikkje ville lesa inn Bibelen, og generelt ikkje produserte nok bøker med kristent innhald. No er samarbeidet med NLB godt, og ingenting tyder på at det der er sterk motstand mot å produsera fleire bøker med kristent innhald. Samstundes er lydbiblioteket på mange måtar ein spydspiss i KABB sitt arbeid, og inngangsporten for mange som etter kvart vert aktive brukarar og medlemmer.

Viss det finst noko så arkaisk som kyrkjelydsblad på papir om ti år, så drøymer eg om at det er inngått eit samarbeid med DNK, slik at dei vert laga etter ein standard som gjer at dei raskt og enkelt kan framstillast elektronisk eller på lyd.

 

Fellesskapsbeinet

Det tok nokre år, men i 1974 – trur eg det var – kom eg i kontakt med fellesskapsdelen av KABB. Eg var femten, og drog på ungdomsleir på Hengsten i Hallingdal. Tok nattoget til Oslo, halvsov der i nokre timar, og reiste med fellesbuss halve vegen tilbake. Ei fantastisk oppleving! No var ikkje Terje Nærland og mange av dei andre eg høyrde på lydbanda lenger berre stemmer, men levande personar som eg kjende. Eg møtte fargerike personar som t.d. Stein Tore Gyllensten, ein temmeleg kraftig, sterkt svaksynt kar frå Sarpsborg. Nokre år seinare var det sykkelleir, der han tok seg fram på moped, medan vi andre brukte tandem.

Seinare har det vorte kurs, stemne og generalforsamlingar, der eg dels har vore leiar og forkynnar, dels vanleg deltakar. Det er noko med miljøet i KABB, som det er vel verd å ta vare på. Ikkje heilt lett å setja ord på det, men det handlar om aksept for mangfald, og at ein får vera den ein er og får brukt dei sterke sidene sine.

Her òg trur eg den vidare utviklinga må handla om meir skreddarsaum. Av og til må det vera stemne der ein prøver å få med flest mogleg, men dette må supplerast med tilbod for små grupper, eller at éin brukar kan få med seg ein følgjeperson på OASE-STEMNE eller på sydentur, eller …?

Fellesskap treng heller ikkje alltid å handla om lange reiser og fysiske møte. KABB har hatt samtaletilbod gjennom mange år, og dette kan gjerne utvidast med grupper som møtest digitalt, og snakkar saman om sorg, om utfordringar som synshemma, eller kva det no kan vera.

Dersom vi gjennom større differensiering får endå meir nøgde brukarar, vil vi òg ha sjanse til å rekruttera fleire – og yngre – folk som nyttar tilboda våre. Ikkje noko marknadsføring er så effektiv som kundar som har fått god service, og som fortel om det til andre.