Ufullkomen prest i ei ufullkomen verd

Magne Bjørndal prest

Magne Bjørndal er prest i Den norske kirke. (Foto: Bjørn Olav Hammerstad)

Av Magne Bjørndal

I tredje Mosebok (21,17-23) finn vi eit eksplisitt forbod mot at blinde kan vera prestar. Det følgjande er ikkje akkurat eit forsvarsskrift for at eg arbeider som prest likevel, men nokre refleksjonar kring funksjonshemming i lys av eit kristent menneskesyn.

Artikkelen er altså skriven både ut frå ei fagleg og ei personleg interesse, og ein liten sjølvpresentasjon kan difor vera på sin plass:

Eg er fødd blind, har teologisk utdanning frå Norsk Lærerakademi og Menighetsfakultetet, og har arbeidd som kyrkjelydsprest sidan 1991. I dag er eg seniorprest (50%) i Nordhordland prosti.

Eg skriv dette på PC, utan å bruka skjerm og mus. Det eg skriv, og det eg har lese for å skriva om det, får eg fram som syntetisk tale og som punktskrift på ei leselist. Eg brukar smarttelefon til omtrent det same som andre brukar den til. Når eg leier gudstenester og kyrkjelege handlingar, les eg punktskrift. Unnataket er når hendene mine gjer noko anna, som å døypa, be med handspåleggjing eller spa jord på ei kiste. Eg er sjølvstendig på mange område, men er likevel ofte avhengig av andre. Eg kan ikkje dela ut nattverd åleine. På ukjende stader treng eg hjelp til å ta meg fram, osb.

Artikkelen har vorte til i ein studiepermisjon, som m.a. vart brukt til å lesa Inger Marie Lid si doktorgradsavhandling.[1] Denne lesinga, og det å få dukka litt ned i desse problemstillingane, har eg opplevd som svært stimulerande.

Funksjonshemming eller nedsett funksjonsevne?

Funksjonshemming er på mange måtar eit problematisk omgrep. Det omfattar menneske med så ulike utfordringar og livsvilkår, at det nesten ikkje er noko som er felles for  oss. Dessutan kan det oppfattast stigmatiserande, fordi vekta ligg på det som hemmar og hindrar, meir enn på det som fremjar aktivitet og likeverdig deltaking. I dag nyttar ein gjerne nemninga menneske med nedsett funksjonsevne. Det har eg for så vidt ingenting imot, men den er lang og tung, og det kan reisast dei same innvendingane mot den, som mot nemningane funksjonshemma og funksjonshemming. Nedanfor nyttar eg desse nemningane litt om kvarandre, utan at det ligg noko anna bak det enn eit ønskje om å variera språket.

For vårt føremål er det ikkje nødvendig å avgrensa eller definera fenomenet eksakt, men det kan vera greitt å ta utgangspunkt i denne definisjonen, henta frå ei stortingsmelding frå 2003: «Med nedsatt funksjonsevne menes tap av eller skade på en kroppsdel eller i en av kroppens funksjoner. Dette kan for eksempel dreie seg om nedsatt bevegelses-, syns- eller hørselsfunksjon, nedsatt kognitiv funksjon, eller ulike funksjonsnedsettelser pga. allergi, hjerte- og lungesykdommer.»[2]

 

Medisinsk diagnose eller samfunnsskapte hindringar

Fram til for nokre tiår sidan tenkte ein gjerne på funksjonshemming frå ein biologisk eller medisinsk ståstad. Ut frå denne modellen har eg nedsett funksjonsevne som følgje av ein diagnose. Ettersom augesjukdomen eg har ikkje kan behandlast, vart det lagt vekt på å læra meg kompenserande teknikkar som å bruka punktskrift, gå med kvit stokk, skriva på tastatur med touch-metoden, matlaging og anna husarbeid. (På det siste området var resultata så som så, utan at lærarane skal få skulda for det …)

På 1980-talet skreiv eg det som vel i dag heiter mastergradsavhandling om synet på helbredelse ved bøn i Oase-rørsla.[3] Utan å vera så medviten om det den gongen, tenkte eg nok innanfor ein slik medisinsk modell. I den mon funksjonshemming vart tematisert, vart det sett på som ei liding, som Gud eventuelt kan fri oss frå, når vi bed om det.

M.a. med inspirasjon frå den amerikanske borgarrettsrørsla, har det blant menneske med nedsett funksjonsevne frå sekstitalet av vakse fram eit større medvit om at mykje av det som avgrensar livsutfaldinga vår ikkje skuldast forhold ved den einskilde, men er resultat av samfunnsskapte hindringar. Å fjerna slike hindringar kan handla om bygningar med trinnfri tilkomst og heis, teleslynge, haldeplassopprop på bussen, universelt utforma dataløysingar osb. Ein stilte krav om å kunna ferdast i samfunnet på lik line med andre, og å få reell innverknad på sitt eige liv. Slagordet nothing about us without us – ingenting om oss utan oss – er eit uttrykk for dette.

Poenget med den medisinske, og det vi kunne kalla den sosiale modellen, er ikkje at vi må velja mellom dei – dei utfyller kvarandre. Lid slår i avhandlinga si til lyd for ei relasjonell tilnærming. «Funksjonshemming defineres som et gap mellom individets forutsetninger og de ytre omgivelsenes krav til funksjon. For å redusere gapet skal både individets forutsetninger styrkes og samfunnets krav til individenes funksjonsevne endres ved i større grad å imøtekomme forskjellige menneskers ulike individuelle forutsetninger.»[4]

 

Utgangspunkt i menneskeverdet

Ei teologisk fundert forståing av funksjonshemming kan gjerne springa ut frå menneskeverdet, og mennesket som skapt i Guds bilete, (1 Mos 1,27). Det er dette som er innsteget i det økumeniske dokumentet Tilværelsens gave.[5] Dokumentet er utarbeidd av EDAN (Ecumenical Disability Advocates Network), og vart handsama av sentralkomiteen i Kirkenes Verdensråd i 2016.

Det vert poengtert at det å vera skapt i Guds bilete ikkje skal knytast til bestemte særtrekk eller eigenskapar ved mennesket. «Forestillinger om at det å være skapt i Guds bilde er knyttet til menneskets tankekraft, har hatt en høy pris. Det har implisitt betydd at mennesker med alvorlige funksjonsnedsettelser i intellekt eller utvikling ikke har blitt sett på som fullt ut mennesker.»[6]

Ut frå bibeltekstar som Kol 1,13-17 og Rom 3,24, vert gudsbiletet i staden relatert til Kristus, og til den relasjonen til Gud som han set oss i gjennom skaping og forløysing.[7]

Det er òg relevant å trekkja inn abortlova her. Med referanse m.a. til statsvitaren Sølvi Marie Risøy, peikar Lid på det tankekorset at det finst lover som vernar menneske med nedsett funksjonsemne mot diskriminering, medan abortlova regulerer retten til å hindra at menneske med tilsvarande eigenskapar eller tilstandar vert fødde.[8]

Det er grunn til å åtvara mot ein gjennomført utilitaristisk etikk, der ein hevdar at liva til menneske med nedsett funksjonsevne er prega av så mykje liding at ein bør unngå dei.[9]

 

Nedslag i evangeliet

Ei relasjonell tilnærming til menneskeverdet kan òg verka inn på forståinga av evangeliet. I følgje Rom 3,28 vert mennesket «… rettferdig ved tru, utan lovgjerningar.» «Ut fra vår tid er det slående at for Luther er mennesket definert ved å være reseptivt og ikke ved å være produktivt», skriv Inger Marie Lid.[10] Ho ser dette i samanheng med vår tids hang til perfeksjon. Når tilhøvet vårt til Gud baserer seg på at vi er mottakarar, kan vi ikkje måla oss sjølve og kvarandre ut frå om vi har ein perfekt kropp som yter maksimalt. At vi er mottakarar gjeld ikkje berre i tilhøvet vårt til Gud, eit stykke på veg gjeld det òg i møte med medmenneska våre. Ingen av oss er heilt ut sjølvstendige individ, som maktar alt på eiga hand.

 

Er funksjonshemming ein del av lidingsproblemet?

Arbeidet med denne artikkelen har gjeve meg ei meir nyansert forståing av spørsmålet om nedsett funksjonsevne er ein del av lidinga i verda, eller ikkje.

På den eine sida er det mykje som talar for at det er det. Same kor mykje som vert gjort for å tetta gapet mellom individet sine føresetnader og kravet til funksjon frå omgjevnadene, vil gapet for mange framstå som svært stort. For eigen del handlar det om eit sansetap som set klare grenser for korleis eg kan utfalda meg og kva eg kan få til. I 2018 var eg i Etiopia, og for somme av dei synshemma som eg møtte der er nok desse grensene endå mykje trongare enn mine er. For andre handlar det om sterke fysiske smerter, om å ha angst eller vera kronisk nedstemt, eller om noko heilt anna. Spørsmålet melder seg: Er dette rettferdig? I ramma av ei religiøs livstolking kan spørsmålet få den klassiske forma: Kvifor hender det så mykje vondt i verda, viss det finst ein god og allmektig gud?

På den andre sida lever alle menneske med avgrensingar, med feil og manglar, med sorg og tap. Vi er ikkje suverene. Når vi kjem inn i verda er vi hjelpelause skapningar, som ikkje overlever utan næring og omsorg frå andre. Mot slutten av livet vil mange av oss få redusert mental og fysisk kapasitet, og vera heilt avhengige av andre.

Heller ikkje Gud er suveren. I inkarnasjonen har Gud vist at han er avhengig av oss.[11]

Lid peikar på at Paulus kan seiast å vera ein person med nedsett funksjonsevne. I 2 Kor 12,7-10 omtalar han ein «torn i kroppen», og konkluderer med at «… når eg er veik, då er eg sterk.» Paulus tolkar denne veikskapen i lys av den veikskapen Jesus viste ved å dela våre vilkår.[12]

Er nedset funksjonsevne eit utslag av det vonde i verda, eller uttrykk for eit naturleg, menneskeleg mangfald? I Tilværelsens gave balanserer ein desse vinklingane på denne måten:

«Vi bekrefter at dét at vi er skapt er et uttrykk for Guds kjærlighet, noe som igjen betyr at selve tilværelsen er en gave. Kristne bekjenner at livet kommer fra Gud, og at Gud har gitt oss livet. Når temaet er funksjonsevner, kan det å snakke om gaver være både et viktig og et problematisk uttrykk. Er en medfødt funksjonsnedsettelse en gave? Noen mennesker som lever med funksjonsnedsettelser, vil si at det er det; andre vil si at det ikke er det.

Å se på funksjonsnedsettelser som en del av tilværelsens gave er ofte forbundet med en opplevelse av personlig identitet: «Det at jeg er blind, er ikke en tilstand jeg har. Jeg er blind, og det er del av hvem jeg er». Noe lignende kan sies om for eksempel Downs syndrom. En kan ikke skille personen fra syndromet, for uten det ville den personen ikke eksistere som den hun eller han er: de ville miste sin identitet.

Andre er imidlertid ikke helt enige i dette: «Selv om jeg fullt ut godtar at cerebral parese er en del av meg, ser jeg ikke på den som en gave. Noen ting som er viktige for meg, som å kunne snakke godt, er vanskelig på grunn av funksjonsnedsettelsen jeg lever med.»

Kanskje kan det være nyttig å forsøke å utvide spørsmålet. Å snakke om «gaver» her handler ikke direkte om en bestemt tilstand. Et bredere perspektiv lar oss gjenkjenne gaven i personen som lever med nedsatt funksjonsevne, heller enn i funksjonsnedsettelsen som sådan. […] Når vi fokuserer på mennesket heller enn funksjonsnedsettelsen, kan vi lettere se at alle mennesker har gaver og begavelser som gjør dem i stand til å forholde seg til sine omstendigheter, uansett hva slags situasjon de lever i. Ved å se slik på funksjonsnedsettelser, oppdager vi at hvert menneske har gaver som andre kan ha bruk for. Denne erkjennelsen er også en påminnelse om at gaven er betinget i fellesskapet. Vi er gaver til hverandre.»[13]

Kanskje kan ulike vurderingar av det å leva med nedsett funksjonsevne òg balanserast gjennom det lutherske kjernepunktet at mennesket er samstundes rettferdig og syndar, (simul justus et peccator). Som kristen er eg både eit gammalt menneske, prega av synd, sjukdom og liding, på veg mot døden, og eit nytt menneske, i samklang med Gud og med andre menneske, på veg mot det evige livet. Eksakt kva som er det eine og det andre veit eg ikkje, og treng eg heller ikkje å vita. Ein ofte brukt illustrasjon til dette, er å sjå for seg ein bilethoggar som arbeider med ein skulptur. Kva som er del av den enno ubearbeidde steinblokka, og kva som er ferdig tilhogd, er det – enn så lenge – berre kunstnaren som veit.[14]

Med ei slik tilretteleggjing, kan ein òg koma betre til rette med dei mange helbredingstekstane i evangelia. Eg opplever at både Lid og Tilværelsens gave strevar med å koma til rette med desse tekstane. På eit vis verkar dei forstyrrande inn på det biletet ein ønskjer å skapa om nedsett funksjonsevne som ein naturleg del av det menneskelege mangfaldet. I lys av at mennesket er samstundes syndar og rettferdig, viser desse tekstane oss ein Gud som kan føregripa det fullkomne gudsriket. Vi står fritt til å be om ei tilsvarande føregriping, men svaret får vi overlata til Gud.

Skatten i leirkrukker

Tankegangen i det før nemnde avsnittet frå 3 Mos 21, er at den som skal gå fram for Gud på folket sine vegner, må vera utan fysiske feil eller manglar. Som luthersk prest tenkjer eg ikkje på meg sjølv som ein slik mellommann mellom menneske og Gud. Prestetenesta mi er ikkje ei vidareføring av den aronittiske prestetenesta slik den er framstilt i GT, men ei teneste med å forkynna evangeliet og forvalta sakramenta, (jf CA 7). Eg er medviten om at avgrensingane mine – både dei som heng saman med synshemminga mi og dei andre – kan stå i vegen for denne tenesta. Likevel utfører eg den så lenge tilhøva ligg til rette for det, i tillit til ordet om at «… vi har denne skatten i leirkrukker, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje koma frå oss.» (2 Kor 4,7)

Artikkelen er først publisert i Luthersk Kirketidende.

En kirke av alle og for alle.

Tilværelsens gave kan leses her.

 

Notar

 

[1] Likeverdig tilgjengelighet? En drøfting av menneskesyn og funksjonshemming med vekt på etiske problemstillinger knyttet til universell utforming, likeverd og tilgjengelighet. Det teologiske fakultet Universitetet i Oslo 2012

[2] St.meld. nr. 40 (2002-2003) Nedbygging av funksjonshemmende barrierer

[3] Lækjing ved bøn i OASE-rørsla. Ei analyse og vurdering av lækjingsforståinga i den karismatiske rørsla. Hovudfagsoppgåve, Norsk Lærerakademi, Bergen 1986

[4] Lid 2012:24

[5] Tilværelsens gave. Kalt til å være kirke av alle og for alle. NORGES KRISTNE RÅDS SKRIFTSERIE – NR 20. Oslo 2017

[6] Tilværelsens gave pkt.12

[7] Tilværelsens gave pkt.14, jf pkt.43

[8] Lid 2012:71

[9] Vår tids fremste eksponent for ein slik etikk er filosofen Peter Singer. Jf Lid 2012:172ff

[10] Lid 2012:160

[11] Gud som sårbar og avhengig, er eit hovudpoeng i boka The disabled God av den amerikanske teologen Nancy L. Eiesland (Nashville 1994). Jf Lid 2012:154ff

[12] Lid 2012:161

[13] Tilværelsens gave pkt.57-61

[14] Bengt hägglund: De homine: Människouppfattningen i äldre luthersk tradition. (Lund 1959) s.299, jf s.354